Korleis koma til Skånevik

Den store dagen vil bli feira i Margunn si heimbygd, Skånevik. Som mange veit er bygda på folkemunne staden "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", og mange vil difor gjerne trenga ei nærare vegskildring enn berre namnet.

Kyrkja i Skånevik ligg aust for sentrum (til venstre om du kjem med ferga). Køyr nokre hundre meter gjennom sentrum forbi eit par butikkar og ein bakar og du vil finna vegen opp til kyrkja på di høgre hand. Kjem du til ein skarp venstresving har du derimot køyrd litt for langt og må snu. Kjem du andre vegen ifrå, anten frå sør eller aust ligg kyrkja på di venstre side før du køyrer inn i sjølve sentrumskjernen i Skånevik. Kyrkjespiret kan sjåast godt frå så godt som heile byga. Vanskeleg å ta feil her.



Hotellet ligg tvers ovanføre bensinstasjonen. Om du køyrer gjennom sentrum anten den eine eller andre vegen kjem du til å støyta på det! På biletet over er kyrkja godt synleg, medan hotellet sitt oransje tak viser såvidt på venstre kant av biletet.


Det er mogleg å reisa til Skåneivk med bil, buss, ferge, hurtigbåt, privatfly, sjøfly eller rutefly. Dei to sistnemnde er gjerne noko uaktuelle.



Via Stord: Frå Bergen og sørover mot Os, ferge Haljem - Sandvikvåg, gjennom Stord, Ølen, Etne og til Skånevik.

Via Kvinnherad: Frå Bergen og nordover gjennom Åsane og Arna, ta til høgre ved skilt mot Rosendal. Vidare via Tysse, ferge frå Gjermundshamn til Løfallstrand og vidare gjennom Rosendal og til fergekaien på Utåker. Deretter ferge til Skånevik.

Via Hardanger: Frå Bergen og nordover gjennom Åsane og Arna, over Kvamskogen, Nordheimsund, Øystese og ferge mellom Kvandal og Utne. Vidare til Odda, mot Haukelifjell. På Seljestad (når du kjøyrer inn på E- 134): Køyr mot høyre og skilt til Haugesund. Vidare langs Åkrafjorden og til Kyrping, ta av fra Europaveien ved skilt til Skånevik nokre kilometer etter Kyrping.

Fra aust og sør: Fylg E-134, og ta av ved skilt til Skånevik.

 

Buss: Haukeliekspressen har daglege avgongar frå Oslo, Bergen, Stavanger og Haugesund som korresponderer med Skåneivk. Bussbyte til Skånevik ved haldeplassen Kyrping. Bussruter finns på Haukeliekspressen sine heimesider.


Ferge: Frå Utåker eller Matre. Ferjeruter finns her.

Hurtigbåt: Skånevik har hurtigbåtforbinding på kaia. Ruter og meir informasjon finns på Tide sine heimesider.