08.06.2011

Finna fram!?!

For å finna fram til Skoga for å delta på grillfest eller suppekalas, køyrer de til Skånevik sentrum, og held deretter fram 4 km vidare. Sjå etter skilt og romantiske ballongar, så er de plutseleg framme!

07.05.2011

Bryllaupshelga

Då Skånevik er eit stykke vekke frå allfarveg og det kan vera lurt å koma til bygda dagen før bryllaupsdagen, vil me gjerne invitera dei som vil av våre kjære gjester til å vera med på å grilla heime hjå Margunn sine foreldre fredagskvelden. Her må me ta eit lite atterhald med tanke på veret, men mat skal det bli uansett. Grillfesten (eventuelt forsyninga) tek til klokka 19.30. Kjekt om både slekt og vener vert med her, så vert me litt kjende alle saman før den store dagen.

Dagen etter den store dagen, altså søndagen eller 1. pinsedag, samlast me igjen heime hjå Margunn. Då serverer me suppe til heile gjengen, samt at me vonar de vil hjelpa oss med å eta opp kakerestane (som me fryktar det blir litt av). Velkomne skal de vera frå klokka 15.00 og utover.

Hjartans velkomne alle saman, både slekt og vener, store og små!

20.04.2011

Bryllaupsdagen


Laurdag 11. juni vert me vigsla i Skånevik kyrkje. Vigsla tek til klokka 13.30.

Då Skånevik gjerne ligg litt utanføre allfarveg, kjem truleg mange av de gjestene til bygda allereie fredagskvelden. Denne helga er det liv og røre i bygda då dei årlege "Torgdagane" vert arrangert. Frå klokka 10.00 og utover på laurdagen vert det laga i stand stort og gamaldags torg i sentrum. Her vil det vera salsboder med moglegheit for å sjå på eller kjøpa nye og gamle ting, handverk osb. Anbefalar dei som har tid før vigsla å ta seg ein tur dit.

Viglsa tek til klokka 13.30 i Skånevik kyrkje. For vegskildring, sjå i margen i sida!

Etter vigsla vert det eit par timar pause før festen startar på hotellet klokka 17.00. I dette tidsrommet er alle gjestene inviterte til eit lite mellommåltid i hotellhagen. Me vil servera noko smått å bita i og drikka slik at de slepp å svelta og tyrsta. I tillegg vil me leggja tilrette for leik og moro av ymse slag for dei som vil vera med på dette. Minner om at også etter vigsla vil truleg torget i sentrum vera ope for dei som vil ta seg ein kikk!

Me gler oss til å dela dagen med dykk!

11.04.2011

Hotellet har fått nytt telefonnummer!





Treng du overnatting?
Skånevik Fjordhotell har hotellovernatting for bryllaupsgjester. Prisen inkludert frokostbuffet per person i dobbeltrom er 550 kroner. Vil du ha enkeltrom er prisen 650 kroner. Dette bestiller du sjølv ved å ringja til hotellet. Det nye telefonnummeret dit er 53 77 07 00. Hugs å seia ifrå at du skal i bryllaup, då prisane over er bryllaupsprisar!



07.03.2011

Planlegging på gang

No har Margunn studieveke, og Egil avspasering. Me nyttar difor høve og brukar nokre dagar til å leggja litt planar. Etter å ha vitja ymse butikkar i Stavanger, mellom anna Tilbords, Christiania Glassmagasin og så vidare har me no kome  fram til ei oppdatert ynskjeliste. Denne finn de i margen til venstre.

Me arbeidar også med å finna tak i brurebil, overnatting til gjestene, blomar, klede til brudgommen... Ja, de skjønar. Alt er enno ikkje i boks før den store dagen, men me trur me har det meste under kontroll.

På sjølve bryllaupsdagen er det mykje som skal skje. Har du lyst til å halda tale, fortelja ein vits, visa bileter eller liknande, er det fint om du kontaktar viseverten/toastmasteren vår; Marit. Kontaktinformasjonen hennar finn du i margen til venstre under kategorien "Lyst til å underhalda".

Mamma/svigermor Magny er ansvarleg for organisering av kakebaking, så dersom du kjenner at det rykkjer litt i bakemusklane, kan du kontakta ho. Mobilnummeret hennar er 467 92 702.

Lurar de på noko, til dømes korleis koma til Skånevik, eller om de har forslag til bryllaupsmenyen, er det berre til å ta kontakt med brureparet!

NB: Me har allereie fått nokre spørsmål om kleskode. Klede og slikt er me ikkje så opptekne av. Det viktigaste er at du vil koma og dela dagen med oss. Me blir sjølvsagt glade om du pyntar deg litt, men om du går i bunad, kjole, dress eller smoking osv, spelar ikkje den store rolla!

Over og ut for denne gongen.

23.01.2011

Truloving

Etter at Egil gjekk på kne på Fuglehaugnøset (1411 moh), fekk Margunn ring på fing. No er planlegginga byrja, og om alt går etter planen vil vigsla og festen stå komande pinse, altså 11.06.11. Tjohei!

På denne sida vil det etter kvart koma meir informasjon om den store dagen.