07.05.2011

Bryllaupshelga

Då Skånevik er eit stykke vekke frå allfarveg og det kan vera lurt å koma til bygda dagen før bryllaupsdagen, vil me gjerne invitera dei som vil av våre kjære gjester til å vera med på å grilla heime hjå Margunn sine foreldre fredagskvelden. Her må me ta eit lite atterhald med tanke på veret, men mat skal det bli uansett. Grillfesten (eventuelt forsyninga) tek til klokka 19.30. Kjekt om både slekt og vener vert med her, så vert me litt kjende alle saman før den store dagen.

Dagen etter den store dagen, altså søndagen eller 1. pinsedag, samlast me igjen heime hjå Margunn. Då serverer me suppe til heile gjengen, samt at me vonar de vil hjelpa oss med å eta opp kakerestane (som me fryktar det blir litt av). Velkomne skal de vera frå klokka 15.00 og utover.

Hjartans velkomne alle saman, både slekt og vener, store og små!