20.04.2011

Bryllaupsdagen


Laurdag 11. juni vert me vigsla i Skånevik kyrkje. Vigsla tek til klokka 13.30.

Då Skånevik gjerne ligg litt utanføre allfarveg, kjem truleg mange av de gjestene til bygda allereie fredagskvelden. Denne helga er det liv og røre i bygda då dei årlege "Torgdagane" vert arrangert. Frå klokka 10.00 og utover på laurdagen vert det laga i stand stort og gamaldags torg i sentrum. Her vil det vera salsboder med moglegheit for å sjå på eller kjøpa nye og gamle ting, handverk osb. Anbefalar dei som har tid før vigsla å ta seg ein tur dit.

Viglsa tek til klokka 13.30 i Skånevik kyrkje. For vegskildring, sjå i margen i sida!

Etter vigsla vert det eit par timar pause før festen startar på hotellet klokka 17.00. I dette tidsrommet er alle gjestene inviterte til eit lite mellommåltid i hotellhagen. Me vil servera noko smått å bita i og drikka slik at de slepp å svelta og tyrsta. I tillegg vil me leggja tilrette for leik og moro av ymse slag for dei som vil vera med på dette. Minner om at også etter vigsla vil truleg torget i sentrum vera ope for dei som vil ta seg ein kikk!

Me gler oss til å dela dagen med dykk!