07.03.2011

Planlegging på gang

No har Margunn studieveke, og Egil avspasering. Me nyttar difor høve og brukar nokre dagar til å leggja litt planar. Etter å ha vitja ymse butikkar i Stavanger, mellom anna Tilbords, Christiania Glassmagasin og så vidare har me no kome  fram til ei oppdatert ynskjeliste. Denne finn de i margen til venstre.

Me arbeidar også med å finna tak i brurebil, overnatting til gjestene, blomar, klede til brudgommen... Ja, de skjønar. Alt er enno ikkje i boks før den store dagen, men me trur me har det meste under kontroll.

På sjølve bryllaupsdagen er det mykje som skal skje. Har du lyst til å halda tale, fortelja ein vits, visa bileter eller liknande, er det fint om du kontaktar viseverten/toastmasteren vår; Marit. Kontaktinformasjonen hennar finn du i margen til venstre under kategorien "Lyst til å underhalda".

Mamma/svigermor Magny er ansvarleg for organisering av kakebaking, så dersom du kjenner at det rykkjer litt i bakemusklane, kan du kontakta ho. Mobilnummeret hennar er 467 92 702.

Lurar de på noko, til dømes korleis koma til Skånevik, eller om de har forslag til bryllaupsmenyen, er det berre til å ta kontakt med brureparet!

NB: Me har allereie fått nokre spørsmål om kleskode. Klede og slikt er me ikkje så opptekne av. Det viktigaste er at du vil koma og dela dagen med oss. Me blir sjølvsagt glade om du pyntar deg litt, men om du går i bunad, kjole, dress eller smoking osv, spelar ikkje den store rolla!

Over og ut for denne gongen.